Tiltalt for omfattande pensjonsjuks medan han heva svart millionløn i utlandet

Mannen sto fram i lokalavisa og fortalde om den prestisjefylte jobben sin i inn- og utland. Samtidig skal han ha tent store pengar svart og lurt til seg millionbeløp i uførepensjon utan at nokon fatta mistanke.

Skatteetaten Trondheim

Mannen som er tiltalt for grovt bedrageri og svart arbeid i millionklassen, nektar straffskuld. Ifølgje forsvararen sin har han ikkje gjort noko gale.

Foto: Kjartan Ovesen / NRK

Med eit stort smil stilte mannen opp i lokalavisa og fortalde om arbeidet sitt i eit luksuriøst føretak. Til avisa fortalde han at han no var klar for den godt betalte stillinga med omfattande reiseverksemd i inn- og utland.

Stein Atle Veland

Fylkesdirektør Stein Veland seier NAV ikkje ønskjer eit samfunn der ein statleg storebror overvakar alt. Han minner likevel om at NAV foretek kontrollar for å unngå juks.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

I same periode meiner politiet at han har lurt til seg over fire millionar kroner i uførepensjon og skattejuks.

Men verken Skatteetaten, NAV eller Statens Pensjonskasse reagerte.

– Det har vi ikkje verken ressursar eller intensjonar om å gjere. Vi prøvar å hjelpe folk til å kunne meistre livet sitt og kunne kome tilbake til arbeidet, det er vårt hovudoppdrag.

Vi driv relativt lite med den type dyneløfting eller etterforsking, seier fylkesdirektør for NAV Møre og Romsdal, Stein Veland.

Skal ha lurt unna meir enn fire millionar

I grunnlaget for tiltalen kjem det fram at mannen skal ha lurt til seg uførepensjon for over 2,8 millionar kroner, gjennom ein periode på åtte år. Samtidig skal han samtidig ha tent over tre millionar svart. Dersom dette stemmer, har han hatt lurt unna til saman over fire millionar kroner.

Magne Nyborg

Statsadvokat Magne Nyborg i Møre og Romsdal karakteriserer svindeltiltalen som svært alvorleg, og seier han ikkje kjenner til andre som skal ha lurt til seg så store beløp.

Foto: Terje Reite / NRK

– Dette er svært alvorleg. Dette er staten sine pengar som burde gått til andre, meir fornuftige formål enn til ein som lurer staten og gir inntrykk av at han er ufør, når han likevel har arbeidskapasitet, seier statsadvokat Magne Nyborg i Møre og Romsdal, som har tatt ut tiltalen.

– Sjeldan stor sum

Statens Pensjonskasse har ifølgje tiltalen åleine tapt over 2,8 millionar kroner. Kommunikasjonsrådgjevar Sivert Almvik vil ikkje kommentere saka konkret, men seier dei sjeldan opplever at det blir utbetalt så store summar for mykje i pensjon.

Selskapet har inngått ein samarbeidsavtale med NAV for å unngå at folk lurer til seg pengar dei ikkje skulle hatt.

– Ein del av avtalen er utveksling av opplysningar der det er mistanke om urettmessig mottak av yting, seier Almvik.

Nektar straffskuld

NAV melde vel 1000 kvinner og menn for trygdesvindel i 2017, for å ha lurt til seg i snitt 180 000 kroner kvar.

forsvarer Erling Olav Lyngtveit

Mannen sin forsvar, Erling Olav Lyngtveit, seier mannen nektar eit kvart straffansvar.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

Mannen som skal ha lurt til seg millionbeløp er tiltalt for grovt bedrageri og brot på likningslova, med ei strafferamme på seks år. Han må møte i Nordmøre tingrett i februar.

Mannen sin forsvar, Erling Olav Lyngtveit, seier mannen nektar eit kvart straffansvar, og ikkje kjem til å vedgå straffskuld.