NRK Meny

Tiltalt for narkotikalovbrot

Ein 19-åring frå Nordmøre er tiltalt for oppbevaring av nesten 600 gram amfetamin. Han er også tiltalt for vidaresal av rundt 300 gram hasj i fjor sommar og haust. Mannen har vore varetektsfengsla i vinter etter at politiet fann stoff heime hos han, og han har sjølv forklart at narkotikaen var meint for vidaresal. Saka kjem opp i februar.