NRK Meny
Normal

Tiltalt for narkokjøp i millionklassen

Ein sunnmørsmann i slutten av 30-åra er tiltalt for å ha kjøpt amfetamin for nesten 1,8 millionar kroner hausten 2013. Måndag må han møte i Oslo tingrett.

Norges lover og klubbe

Sunnmørsmannen er tiltalt for å ha kjøpt store mengder narkotika. Måndag og tysdag må han møte i Oslo tingrett.

Det er statsadvokatane i Oslo som har tatt ut tiltale mot sunnmørsmannen og ein oslomann, som også skal ha vore med på narkotikahandelen hausten 2013.

Det er sett av to dagar til saka, som startar måndag.

Skal ha kjøpt narkotika for over to millionar

Ifølgje tiltalen skal sunnmørsmannen ha kjøpt narkotika til ein verdi av nesten 1,8 millionar kroner i Oslo og/eller i Ålesund hausten for 2013 av ein namngitt mann.

Oslomannen i 30-åra er samstundes tiltalt for å ha kjøpt stoff for over 400 000 kroner av den same mannen.

Tiltalt for ulovlege våpen

I mai 2014 fann politiet to våpen heime hos sunnmørsmannen, ein Colt pistol og ein revolver, trass i at han ikkje har våpenkort.

Sunnmørsmannen er også tiltalt for å ha oppbevart narkotika heime i Ålesund våren 2014, ifølgje tiltalen var det snakk om nesten 200 gram hasj og vel 15 gram amfetamin.