NRK Meny

Tiltalt for knivstikking

Ein 30 år gamal ålesundsmann er tiltalt for å ha stukke naboen i magen med kniv i fjor sommar. Ifølgje tiltalen klaga naboen på høg musikk klokka 4.30 om natta, og blei då stukken i magen slik at han måtte sy. Mannen er også tiltalt for å ha trua politiet på livet, og for fleire narkotikalovbrot. Saka mot han skal opp i retten i midten av desember.