NRK Meny

Tiltalt for knivstikking

Ein 27 år gamal mann frå Haram er tiltalt for å ha knivstukke ein annan mann i magen med kniv i april i år. Ifølgje tiltalen slo han først mannen gjentekne gongar i ryggen med eit brekkjarn, før han stakk ein kniv i magen på han, slik at det gjekk hol på buken og tarmane. Saka startar i Sunnmøre tingrett 11. september.