NRK Meny
Normal

Tiltalt for grov vinningskriminalitet

Ein mann frå Romsdal er tiltalt for grovt underslag etter at han skal ha underslått nærare 1,3 millionar kroner frå selskapet han jobba i.

Romsdal tingrett

Ein mann frå Romsdal skal ha underslått nærare 1,3 millionar frå eit selskap han jobba i.

Foto: Øyvind Johan Heggstad

Mannen i midten av 60-åra var dagleg leiar i eit selskap i Romsdal, og skal ifølgje tiltalen ha belasta selskapet sin konto ved fleire anledningar.

Pengane blei belasta utan tilsvarande motytingar, og mannen skal ha tatt pengane som sine eigne, står det i tiltalen.

Underslaget skal ha skjedd i perioden januar 2009 til desember 2010.

Økonomiske lovbrot

Mannen er også tiltalt for å ha drive økonomisk verksemd i perioden januar 2009 til januar 2016 utan å ha hatt gyldig opphaldsløyve som gir rett til å ta arbeid.

60-åringen skal også ha latt ein annan mann disponere kontoen hans og tilhøyrande bankkort. Denne mannen hadde ikkje arbeids- og opphaldsløyve i denne perioden og brukte kontoen til å overføre pengar frå inntekt.

Inntektene var heller ikkje meldt til skatteetaten og pengane blei dermed utbytte frå straffbare handlingar.

Mannen sit no fengsla for andre lovbrot.

Saka skal opp i Romsdal tingrett i slutten av april.