NRK Meny

Tiltalt for grov mishandling

Ein 39 år gamal sunnmørsmann er tiltalt for grov mishandling av sambuaren over lang tid. I ein periode på seks år skal mannen ha slått og sparka sambuaren, trua med å drepe henne og ungane og krenka henne seksuelt. Mannen er også tiltalt for å ha trua og skremt ungane, og gått laus på mora medan dei har sett på.