Hopp til innhold

Må i retten etter omfattande tjuveriraid

Ein mann i 20-åra er tiltalt for fleire tilfelle av tjuveri og innbrot i Kristiansund. Mannen skal også ved to tilfelle ha bore våpen, og skal også ha vore i rådvelde av narkotika.

Nordmøre politikammer

Ein mann i 20-åra er tiltalt for fleire tilfelle av tjuveri og grovt tjuveri. Mannen er også tiltalt for å ha bore våpen og for å ha brukt og vore i rådvelde av narkotika.

Foto: Ness, Rune Petter / NTB scanpix

Mannen i 20-åra er tiltalt for grovt tjuveri då han ifølge tiltalen skal ved to tilfelle, i ein periode på to veker, ha brote seg inn i eit lokale i Kristiansund.

Han skal ha stole mellom anna ein TV, klede, og eit kamera. Mannen er også tiltalt for å oppbevare desse gjenstandane.

Skal ha raida bilar

I byrjinga av mars i år skal mannen ifølge tiltalen ha stole ei lommebok, og skal ha brukt eit bankkort som låg i lommeboka i ettertid.

Innan eit døgn etter skal mannen ha stole ei kortmappe som låg i ein bil, og same dato skal mannen også ha stole eit digitalkamera, eit ferjekort, eit bompasseringskort og nøklar frå ein annan bil.

Tiltalen beskriv også at mannen same dag skal ha stole ein GPS frå ein person, og han skal også ha stole ei veske frå ein bil.

Fleire raid

To veker etter, i slutten av mars, skal mannen ifølge tiltalen ha stole ei jakke frå ein person, og dagen etter skal mannen ha stole bilnøklar og ei klokke frå ein bil.

Eit par dagar etter skal mannen ha stole ein GPS frå ein bil, og same døgn skal mannen ha stole ein GPS, eit radioadapter, ei jakke og bilnøklar frå ein annan bil.

Veka etter var også mannen ifølge tiltalen på ei adresse, og han skal ifølge tiltalen ha fått med seg diverse kort, fleire mobiltelefonar, berbar datamaskin, høgtalarar, bilnøklar, med meir.

Hadde tablettar og våpen

Tiltalen beskriv også at mannen i oktober 2014 ved eit tilfelle skal ha stole ein motorsykkelhjelm, og ei motorsykkeljakke.

I februar 2015 skal mannen ha bore kniv utan at dette var til eit aktverdig formål, og i mars i år skal mannen ha hatt med seg luftvåpen utan aktverdig grunn.

I mars skal mannen ha oppbevart ei mindre mengd valiumtablettar, og i april i år skal mannen også ha brukt amfetamin og vore i rådvelde av mindre mengder narkotika.

Dei fornærma har attrådd påtale, og det er lagt ned påstand om erstatning til dei fornærma.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL