Tiltalt for drapsforsøk

Ei kvinne i 40-åra er tiltalt for drapsforsøk, etter at ho skal ha forsøkt å stikke ei anna kvinne i magen for å drepe henne. Dette skal ha skjedd i fjor sommar. Statsadvokaten vil legge ned påstand om at kvinna blir overført til tvungen psykisk helsevern. Rettsaka i Romsdal tingrett startar i mars.