NRK Meny

Tiltalt for dopkjøp i millionklasse

Politiet meiner ein mann busett på Sunnmøre har kjøpt narkotika for over 1,7 millionar kroner, skriv Sunnmørsposten. Ifølgje tiltalen skal han ha kjøpt amfetamin i Oslo og/eller i Ålesund før 2013, og er også tiltalt for å ha oppbevart to skytevåpen heime på Sunnmøre. Saka startar i Oslo tingrett 22. september.