Tiltalt for cannabis-plantasje

Ein mann i 20-åra frå Romsdal er tiltalt for å ha dyrka og oppbevart cannabisplantar. Mannen skal ha hatt 42 cannabisplantar, som i tørka tilstand har ei samla vekt på 224 gram. Ifølge tiltalen har cannabis-plantasjen hatt ein produksjonskapasitet på om lag 1260 gram. Mannen er også tiltalt for å ha innført 15 cannabisfrø frå Nederland til Noreg. Rettssaka i tingretten startar i november.