NRK Meny
Normal

Tiltalt for årelang familievald – fekk 40 dagar fengsel

Ein mann i 40-åra er dømd til fengsel på vilkår i 40 dagar for å ha slått den tidlegare kona si. Ifølgje tiltalen trua og slo han familien i årevis. Men så endra kvinna forklaringa si.

Norges lover

Kvinna forklarte i retten at ho hadde overdramatisert først og skulda også på språkvanskar. Mannen risikerte opp mot fire års fengsel, men enda med 40 dagar på vilkår, då kvinna endra forklaring og

Foto: Wenche Lamo Hadland / NRK

Det var ein alvorleg tiltale statsadvokaten tok ut rett før jul. Då blei mannen i 40-åra, som er busett i Ålesund, tiltalt for å ha vore valdeleg, truande og krenkande både overfor den tidlegare kona og to døtrer i nesten fem år.

Ifølgje tiltalen sa han fleire gongar at han skulle ta livet av både henne og borna, og la også føringar på korleis ho skulle kle seg.

Dersom han hadde blitt dømd etter tiltalen, hadde han risikert opp til fire års fengsel.

Gjekk vekk frå forklaringa si

I retten gjekk den tidlegare kona langt på veg vekk frå dei tidlegare forklaringane sine, og dermed går mannen fri i forhold til dei alvorlegaste tiltalepunkta.

I dommen heiter det at forklaringa til kvinna står i sterk kontrast til det ho har forklart både på Krisesenteret, overgrepsmottaket og til politiet.

Her forklarte ho at ho var som ein slave for mannen, og at han slo henne mange gongar, og kontrollerte kvar ho fekk gå.

Under rettssaka forklarte ho dette med at ho først overdramatiserte, og at språkvanskar førte til misforståingar.

Dømd for vald på soverommet

Situasjonen toppa seg for familien ein vårdag for to år sidan, då dei to kom i krangel, og mannen tok henne med makt inn på soverommet.

Her slo han henne fleire gongar i ansiktet og i brystkassa, medan ungane var heime. Deretter gjekk han ut og henta ein kniv, som han skar sund sofaen med.

Dette gjorde at kvinna ringde politiet.

Dette er det einaste tiltalepunktet mannen no er dømd for, og der begge to forklarer seg nokolunde likt om det som skjedde.

Kan ikkje bevisast

Retten ser ikkje bort frå at kvinna har vore utsett for fleire krenkingar under ekteskapet enn den eine episoden han no blir dømd for. Retten meiner likevel at det ikkje er tilstrekkeleg bevist at han har gjort det som står i tiltalen.

No er han dømd til fengsel i 40 dagar, på vilkår.