Hopp til innhold

Tiltalt for aktlaust drap etter russeulykka

Ein 19 år gamal mann er tiltalt for aktlaust drap etter å ha køyrt på ein medruss i Molde i mai. Mannen fekk alvorlege hovudskadar og døydde etter kort tid.

Moldemann tiltalt for aktlaust drap

Ein 19 år gamal mann er tiltalt for aktlaust drap etter å ha køyrt på ein medruss i Molde i mai.

Foto: Synnøve Hole

Statsadvokaten i Møre og Romsdal har no tatt ut tiltale etter den tragiske ulykka under eit russearrangement på Retiro i Molde natt til 14. mai.

Les også:

Spann i ring

I tiltalen kjem det fram at 19-åringen som no er tiltalt for aktlaust drap, sette bilen sin i revers, dreidde rattet heilt til høgre og gav gass. Det førte til at bilen spann i ring, og trefte to russ som sto på parkeringsplassen. Ein av dei fekk alvorlege hovudskadar, og døydde seks dagar seinare. Den andre russen blei også treft, han fekk hjerneskaking og kutt i ansiktet, men kom frå det med livet.

Les også:

Hjarte i 17.mai-toget

Den tragiske ulykka i mai, la naturleg nok ein dempar på russefeiringa i Molde. Under borgartoget 17. mai bar medelevane med se store, raude hjarte med helsingar til Torstein Klerud Johannessen, som omkom etter ulykka. Saman med broren, Håkon, deltok han i randonee-konkurransar og representerte Noreg både i EM og VM.

Les også:

Tiltalt for promillekøyring

Ein prøve viser at mannen som køyrde bilen hadde promille tilsvarande 0,74 milligram pr. liter luft rett etter ulykka. Han blir difor også tiltalt for promillekøyring.

Ifølgje tiltalen hadde ikkje mannen gyldig førarkort. Saka skal opp i Romsdal tingrett 20. januar.