Hopp til innhold

Tiltlalt for å ha terrorisert naboen

Ein 56-åring i Kristiansund er tiltalt for drapstruslar mot naboen. Ifølgje tiltalen skal han gjentekne gongar ha trua med å kvele og drepe han.

Tiltalt for truslar mot naboen

Ein 56 år gamal kristiansundsmann er tiltalt for gjentekne drapstruslar mot naboen sin.

I tiltalen kjem det fram at mannen i løpet av to døgn i april i år sparka og banka i døra til naboen. Ha skal samstundes trua gjentekne gongar med å kvele og drepe han, og uttrykt fleire gongar at han ikkje skulle kome levande ned trappa. Statsadvokaten meiner slike truslar er skikka til å fremje alvorleg frykt hos naboen.

Skal ha bora i taket

Det kjem også fram at mannen i totida om natta skal ha banka og bora i taket i leilegheita si for å forstyrre naboen. Trass i åtvaringar frå politiet skal han ha tatt opp igjen desse aktivitetane om natta fire døgn etter, og seinare også forstyrra fleire andre naboar.

Ilagt besøksforbod

Mannen i 50-åra fekk etter kvart forbod mot å kontakte og opphalde seg utanfor inngangspartiet til naboen. Dette skal han ha trassa.

Det er statsadvokatane i Møre og Romsdal som har tatt ut tiltalen mot mannen i 50-åra. Der kjem det fram at han risikerer meir enn seks månaders fengsel dersom han blir dømd etter tiltalen.

Rettssaka kjem opp i Nordmøre tingrett 21. oktober.