Tiltak for nedkjølte pasientar

Helse Midt-Norge innfører no ei felles regional fagleg retningsline for behandling av nedkjølte pasientar.
Bakgrunnen er drukningsulukka i Karihola i Kristiansund for ni år sidan der to små jenter omkom, og behandlinga av ein nedkjølt pasient ved Molde sjukehus i april i fjor, skriv Helse Midt-Norge. I begge tilfella er det vedgått svikt i pasientbehandlinga og samhandlinga mellom sjukehus. Helseføretaka i regionen får no brev om å sjå til at den nye retningslina blir teken i bruk og etterlevd. Sjukehusa må også legge opp til målretta øvingar for å få stadfeste at den nye retningslina er teken i bruk, heiter det i skrivet frå regionføretaket.

Kristiansund Sjukehus
Foto: Eirik Haukenes / NRK