Hopp til innhold

Tilsynssak i Sunndal

- Fylkesmannen skal undersøke om helsepersonell og legevakttenesta i Sunndal har brote reglar i helse- og omsorgslovgjevinga, seier konstituert fylkeslege Karin Müller Mikaelsen.

Karin Müller Mikaelsen

Karin Müller Mikaelsen vil ikkje trekke nokon konklusjonar før undersøkinga er ferdig.

Foto: Fylkesmannen

Pårørande har klaga på behandlinga etter at ein pasient som blei henta av ambulanse og sendt heim att av ein vikarlege frå legevakta same dag.

Det er fylkesmannen som opprettar tilsynssak mot legevakta i Sunndal kommune.

– Vi fekk oversendt ein klage frå pårørande. Saka blir i utgangspunktet sett på som så alvorleg at vi starta tilsynssak, seier konstituert fylkeslege Karin Müller Mikaelsen.

– Dei pårørande klaga på ei behandling og oppfølging, og vil vite om dei blei gitt forsvarleg helsehjelp.

På spørsmål om dette er ei alvorleg sak, svarar den konstituerte fylkeslegen at «det kan eg ikkje uttale meg om før saka er endeleg belyst».