NRK Meny
Normal

Tilsyn viser at psykisk utviklingshemma ikkje får forsvarleg hjelp

Fleire stader i landet har Helsetilsynet avdekt at personar med utviklingshemming ikkje får den hjelpa dei har krav på. Enkelte tilsette manglar kompetanse i blant anna førstehjelp.

Ulstein rådhus

Ulstein er en av kommunene som hadde tilsyn i fjor. Ingen av de fire kommunene som fikk besøk i Møre og Romsdal hadde forsvarlig gjennomgang av personlig assistanse til personer med psykisk utviklingshemming

Foto: Arne Flatin / NRK

Grete Teigland, direktør i helse- og sosialavdelinga

Grete Teigland er helsedirektør hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

I om lag 60 kommunar over heile landet har det blitt ført tilsyn med hjelpa psykisk utviklingshemma får. I Møre og Romsdal gjennomførte Fylkesmannen tilsyn i Haram, Ulstein, Hareid og Sunndal i 2016. Konklusjonen der er at ingen av kommunane har forsvarleg gjennomføring av personleg assistanse til personar med utviklingshemming.

I rapportane kjem det fram at enkelte personar ikkje får hjelp i det omfanget dei har krav på. Dei kan ha vedtak om å ha ein til ein-bistand, men i realiteten hjelper den tilsette på vakt fleire andre personar i tillegg. Ressursmangel kan også føre til at brukaren ikkje får utført aktivitetar fordi personalet må hjelpe andre. Det blir meldt om for lita tid til den enkelte.

– Vi synest det er alvorleg. Dette er ei sårbar gruppe, seier Grete Teigland, som er helsedirektør hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Får god hjelp

Knut Erik Engh

Knut Erik Engh er ordførar i Ulstein kommune på Sunnmøre.

Foto: Trond Vestre / NRK

I Ulstein er det 33 personar med utviklingshemminga som tek imot helse- og omsorgstenester frå kommunen. Ordførar Knut Erik Engh (Frp) seier at sjølv om dei har fått to avvik under tilsynet, er det ikkje er noko dramatikk i det.

– Generelt vil eg seie at dei psykisk utviklingshemma får god hjelp og der er mange flinke tilsette som er pliktoppfyllande. Basert på rapporten er det ikkje grunnlag for å seie at dei får dårleg hjelp, seier Engh. Han seier at det meste av kritikken handlar om systemsvikt. Det betyr at kommunen er for dårlege til å dokumentere kva dei gjer.

I rapporten frå tilsynet i Ulstein står det blant anna : «I intervju kom det fram at det jamleg oppstår situasjonar om natta der det ikkje er tilstrekkeleg med tilsette til stades til å yte naudsynte tenester. I eit tilfelle er det systematisk for lite tilsette på ei vakt i turnusperioden»

Engh seier at kommunen allereie har gjort tiltak for å lukke avvika.

– Dette reknar vi med ikkje skal vere noko problem i framtida, seier ordføraren.

Har ikkje førstehjelpskurs

Tilsyna avdekte også at kompetanse om legemiddelhandtering og førstehjelp mangla i Ulstein, Haram og Hareid.

I rapporten frå Haram står det:

«I intervju og av dokumentasjon går det fram at ikkje alle tilsette har fått tilstrekkeleg opplæring til å identifisere og yte hjelp ved epileptiske anfall, sjølv om dei arbeider med brukarar med slik diagnose».

Einingsleiar for helsetenester i Haram, Kristin Molt Korsnes, seier at dei har hatt jamnlege førstehjelpskurs, men at dei ikkje har oppdatert seg godt nok. Alle tilsette har også fått opplæring om epilepsi fleire gongar, men no vil kommunen gi meir kursing

– Vi tar sjølvsagt alltid ein rapport frå eit tilsyn på alvor og ser på det som hjelp til å forbetre oss, seier Korsnes.