Hopp til innhold

Fryktar at dei ikkje får pengane før hausten

Dei tilsette ved Stordal Møbler fryktar at det vil ta tid før dei får pengar og at dei må avlyse ferien.

Dei tilsette ved Stordal Møbler fryktar at det vil ta tid før dei får pengar og at dei må avlyse ferien.

Tilsette ved Stordal Møbler fryktar at det kan gå lang tid før dei får løn.

I går fekk dei 36 tilsette ved Stordal Møbler beskjed om at bedrifta er konkurs og at dei misser arbeidet. Produksjonen har allereie stansa. Problemet for møbelbedrifta starta under finanskrisa i 2008, men det er spesielt det siste året at omsetjinga har falle.

Dyster stemning

I dag er stemninga dyster blant dei tilsette som har vore i møte med bustyrar, der dei blant anna har fått informasjon om kva rettar dei har. Selskapet har ein gjeld på over 18 millionar kroner. Dei har utstyr som kan seljast for 12, 5 millionar kroner. Ein god del av kreditorane må rekne med å tape pengar.

Bekymringa blant dei tilsette er at dei kan risikere å måtte vente til hausten før dei får pengar frå lønsgarantifondet.

– Det betyr at enkelte kanskje må avlyse bestilte turar og ikkje får betalt rekningar. Det kan verte ein ufrivillig Stordalsferie i sommar, seier Håvard Olsen. Han er hovudtillitsvald.

Skal hjelpe

Ordførar Charles Tøsse seier at det kommunen i første omgang kan bidra med, er å forsterke NAV-kontoret i morgon. Dermed kan dei hjelpe dei 36 tilsette som vil stå utan jobb.

– Det er spesielt når så mange misser jobben samstundes, men det skal vere ein del jobbar å få dersom vi ser på heile regionen, seier Tøsse.

Stordal kommune ynskjer også å vere ein støttespelar dersom dei tidlegare eigarane får etablert ny drift i lokala.

36 tilsette misser arbeidet etter at Stordal Møbler er konkurs. Arbeidet er allereie i gang for å skape ny aktivitet i fabrikklokala.

Stordal Møbler konkurs