NRK Meny
Normal

– Det er ein tung dag både for leiinga og dei som vert råka

I dag er det allmøte på ni ulike stader i landet om kutta som skal skje i Rolls-Royce. 300 tilsette mister jobben. Plassjef Roar Engås i Brattvåg seier det er tøft for alle.

Rolls Royce Brattvåg

Dei tilsette ved Rolls-Royce i Brattvåg var i dag samla for å få informasjon om oppseiingar.

Rolls-Royce Marine skal kutte arbeidsstokken med 300 tilsette i Noreg og i dag vert dei tilsette på ni ulike stader informert. Dei tilsette ved Rolls-Royce i Brattvåg var samla på Ingebrigt Davik-huset.

– I dag informerte vi våre tilsette om at vi dessverre må redusere arbeidsstokken. Det er ein tung dag både for leiinga og dei som vert råka, seier plassjef Roar Engås.

Det er om lag 500 som er tilsett i Rolls-Royce i Brattvåg.

Dempa stemning

Det vart ikkje sagt noko konkret i dag om kor mange som må gå på dei ulike plassane.

– Dei fleste forstår situasjonen vi er i. Vi er ikkje den første som annonserer ein nedgang, seier Engås. Han oppfatta stemninga i salen som avdempa og realistisk.

LES OGSÅ:

Svak marknad

Kommunikasjonsdirektør i Rolls-Royce, Anette Bonnevie Wollebæk, seier at det er ein tøff dag. Dei tilsette har fått informasjon om tidsperspektiv og korleis prosessane skal gå føre seg.

Oppseiinga vil skje i løpet av 2015 fordi marknaden er svakare enn venta for konsernet. Rolls-Royce Marine har til saman 6000 tilsette. Om lag 2300 av desse jobbar i Noreg.