Fryktar at dei ikkje klarer å evakuere ferjepassasjerar

Ferjer langs heile kysten skal nedbemanne. – Det går utover tryggleiken, meiner dei tilsette.

Røykdykkarar i innsats på MF Ytterøyningen

Batterirommet på ferja «Ytterøyningen» eksploderte i oktober i fjor. Passasjerar og mannskap kom seg raskt på land.

Foto: Jonn Karl Sætre / Kvinnheringen

Jarl Gunnar Faksvåg

Jarl Gunnar Faksvåg er leiar i Det norske maskinistforbund. Han er kritisk til nedbemanninga på ferjene.

Foto: privat

Nedbemanninga kjem som følgje av ny teknologi som automatisk billettinnkrevjing og betre tryggleikssystem. Det skal gjere det enklare å drifte ei ferje, og dermed er det ikkje behov for så mange tilsette som før, meiner reiarlaga.

Det bekymrar både offiserar og dekkmannskap. Dei fryktar at dei ikkje klarer å handtere redningsutstyr og evakuering med lågare bemanning enn i dag.

– Det verste som kan skje om bord i ei ferje er grunnstøyting eller brann. I begge tilfelle ender det med evakuering. Er vêret dårleg i tillegg, er det den største bekymringa, seier Jarl Gunnar Faksvåg.

Leiaren i Det norske maskinistforbund minner om at det ikkje er lenge sidan det var ein alvorleg brann i ei batteriferje i Hordaland. Han meiner at ferjene må vere betre bemanna enn berre minimumskravet.

Passasjerar med panikk

Trond Lid

Trond Lid er tillitsvald på ferja Folkestad. Han meiner det blir krevjande med færre tilsette.

Foto: privat

Alle ferjer har eit krav om ei tryggleiksbemanning. Dette er den minste bemanninga eit skip kan ha og er bestemt av Sjøfartsdirektoratet. Kor mange personar dette er, varierer ut ifrå mellom anna storleiken på ferja og talet på passasjerar. Oppå der kjem bemanning som sikrar drifta til dømes i helgane med stor utfart.

På ferja som går mellom Volda og Folkestad ser tillitsvald Trond Lid store utfordringar med at det blir færre mannskap. Seks av 22 på dekk er overtalige.

– Skjer det noko, kan mange av passasjerar få panikk. Vi skal sørge for at vaksne og barn får på seg redningsvestar og folk kjem seg i redningsflåten. Det kan også vere folk som er dårleg til beins. Med færre tilsette blir det krevjande, seier Lid.

Blir omplasserte

I Fjord1 har om lag 40 personar fått beskjed om at dei blir omplasserte.

– Vi er bekymra for tryggleiken når reiarlaga vil nedbemanne fartøya, seier tillitsvalt i Norsk Sjømannsforbund i Fjord1, Terje Hals.

Administrerande direktør i Fjord 1, Dagfinn Neteland, er heilt usamd. Han meiner reiarlaget nettopp sett tryggleik aller først.

– Med dagens teknologi ser ein at evakueringssystem om bord i ferjene blir berre betre og enklare. Då er det naturleg at det innverkar på bemanninga, seier Neteland.

Dagfinn Neteland

Dagfinn Neteland, administrerande direktør i Fjord 1, meiner tryggleiken blir sett aller høgast på ferjene.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Bemanninga er trygg

Sjøfartsdirektoratet har gått gjennom bemanningssituasjonen på ferjene det siste året. Dei ser at det er store forskjellar frå ferje til ferje. Enkelte har redusert minimumsbemanninga betydeleg frå første bemanningssøknad, medan andre har ein auke i talet på tilsette. Det kan skuldast endringar i talet på passasjerar.

Håvard Gåseidnes, fungerande avdelingsdirektør for fartøy og sjøfolk i Sjøfartsdirektoratet, seier at dei fylgjer tryggleiken tett gjennom tilsyn. Han meiner tryggleiken på norske ferjer er god, sjølv om bemanninga blir redusert.

– Tryggleiksbemanninga er dimensjonert ut frå det talet på passasjerar som fartøyet er tillat å gå med, seier Gåseidnes.