Hopp til innhold

Tilsette får over 26.000 i bonus

Konsernsjef Øyvind Tørlen i Jets har orientert dei tilsette om at selskapet kjem til å betale ut bonus på 26.620 kroner til kvar medarbeidar. Bakgrunnen er at Jets på Hareid før helga kunne melde om ny rekord både i omsetnad og resultat for 2017.

– Eg er eg svært glad for at vi kan gi alle som bidrog til rekordresultatet ein ekstra takk på lønnsslippen for mai, seier konsersjefen.

CEO Øyvind Tørlen (t.v.) og tillitsvald Bjørn Røyset (Fellesforbundet, t.h.)
Foto: Jets