Tilsette får ikkje diskutere nyføddsaka

Trondheim ynskjer at dei aller minste for tidleg fødde barna skal behandlast der, medan Ålesund vil behalde desse pasientane. No har dei tilsette fått beskjed om å ikkje snakke om saka offentleg.

Neonatal Ålesund

Det er strid om kven som skal ta seg av barna som er fødd før veke 28. Fagmiljøet i Trondheim meiner det er best å samle desse pasientane på St. Olavs Hospital.

Foto: NRK

I dag tar både Ålesund sjukehus og St. Olavs Hospital imot barn som er fødde heilt ned i veke 23. No vil fagmiljøet i Trondheim ha ansvaret for alle desse pasientane. Avdelingssjefen ved St. Olavs meiner at helsetilbodet vert betre for barna, dersom eitt sjukehus har ansvar for den intenstivkrevjande fasen.

Fagdirektør Odd Veddeng i Helse Møre og Romsdal, meiner det er svært negativt at avdelingensjefen uttalar seg slik.

– Det synest eg er uryddig. Det burde ikkje ha skjedd, fordi det kortsluttar den prosessen vi skal ha med den faglege utgreiinga, seier fagdirektøren.

Odd Veddeng

Fagdirektør Odd Veddeng i Helse Møre og Romsdal, seier at det er semje om at dei tilsette ikkje skal diskutere saka i media.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Ikkje munnkorg

Dei tilsette i Helse Møre og Romsdal får ikkje diskutere saka i media. Veddeng vil likevel ikkje kalle det munnkorg.

– Det er semje om at det er mest ryddig å gjere det på den måten. Vi ynskjer ikkje å ha ein stor diskusjon med St. Olavs gjennom media, seier Veddeng.

LES OGSÅ:

Ekspertar skal vurdere

Ei ekspertgruppe som truleg vil bestå av to utanlandske og ein norsk representant skal greie ut spørsmålet om fordelinga av dei minste premature barna. Det er Helse Midt-Noreg som bestemmer kven som skal sitje i gruppa, med dei to sjukehusa kan kome med si tilråding.

Etter planen skal ekspertane sitt forslag vere klart til påske og deretter vert det opna opp for ein faglege diskusjon. Meininga er også å få saka opp for styret i Helse Midt-Noreg før sommaren, ifylgje Veddeng.

– Visst det blir snakk om endring av funksjonar og flytting av pasientgrupper, må det opp i styret, seier Veddeng.

I toppklasse

Både neonotalavdelingane ved St. Olavs og Ålesund har få pasientar i internasjonal samanheng, men begge har resultat heilt på topp. Dette er grunnen til at fagmiljøet i Ålesund meiner at pasientane ikkje vil få eit betre tilbod i Trondheim.

I Ålesund vert det fødd 6–7 barn i året før veke 28.

Siste video/lyd

Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.
Skoleelever slår til med annerledes julekalender. Det handler ikke om å få, men å gi til de som trenger det.