Hopp til innhold

Sjukehustilsett i heimeisolasjon etter påvist smitte

Den tilsette har vore på reise i USA og blei stadfesta smitta fredag. Personen var på jobb ved seksjon for dialyse og nyresjukdommar måndag og tysdag denne veka.

Koronasmitte ved Ålesund sjukehus

SMITTE: Sjukehuset har sett i verk tiltak.

Foto: Remi Sagen / NRK

Helse Møre og Romsdal opplyser at den smitta har ikkje hatt direkte pasientkontakt.

Var forberedt

Klinikksjef Elisabeth Siebke ved Ålesund sjukehus seier at den smitta tilsette var frisk og utan symptom tidlegare i veka, men blei sendt heim då det kom nye retningslinjer frå styresmaktene.

– Dette har vi forberedt oss godt på, og vi venta det skulle skje. På det tidspunktet personen kom heim frå USA, hadde vi ingen restriksjonar om at ein måtte gå i karantene sjølv om ein hadde vore i utlandet, seier klinikksjef Elisabeth Siebke ved Ålesund sjukehus.

Elisabeth Siebke er klinikksjef ved Ålesund sjukehus.

Elisabeth Siebke er klinikksjef ved Ålesund sjukehus.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Dette er jo ei svært sårbar pasientgruppe. Er de sikre på at ingen av pasientane er smitta?

– 100 prosent sikker kan vi ikkje vere, så difor har vi no starta med kartlegging. Vi har sendt SMS-varsel til alle aktuelle pasientar, og vi opprettar ein telefon som sikrar at pasientane skal kome raskt i kontakt med nyrelege for å få eit godt svar på spørsmåla sine.

I karantene

Ei kartlegging fredag ettermiddag viser at 12 tilsette ved Ålesund sjukehus har hatt nærkontakt med den smitta. Dei er varsla og blir sett i heimekarantene i 14 dagar, opplyser helseføretaket.

– Vi jobbar med å sikre bemanning slik at alle dialysepasientar får tilbod som normalt neste veke. Seksjonen vil også tilby nødvendig poliklinisk behandling. Pasientar som eventuelt får avlyst sin time vil få beskjed om det frå sjukehuset, seier Elisabeth Siebke, klinikksjef ved Ålesund sjukehus i ei pressemelding.

Ring for informasjon

Pasientar som har vore til behandling ved seksjonen for dialyse og nyresjukdommar denne veka blir varsla om situasjonen i kveld, opplyser helseføretaket.

Ålesund sjukehus, korona

Ålesund sjukehus

Foto: Remi Sagen / NRK

– Dei som ønskjer meir informasjon kan ringe 951 56 787. Telefonen opnar klokka 20.00 fredag kveld og held ope mellom klokka 09.00-21.00 laurdag og søndag. Tilsette ved Ålesund sjukehus kan ringe 948 77 566 for nærmare informasjon. I tillegg kan Helsedirektoratet sin informasjonstelefon 815 55 015 nyttast, skriv Helse Møre og Romsdal i pressemeldinga.

Det er totalt seks personar som har fått stadfesta smitte i Ålesund kommune. Ein av dei er den sjukehustilsette. Ordføraren i Ålesund, Eva Vinje Aurdal (Ap), kom fredag ettermiddag med denne appellen til dei rundt 67 000 innbyggarane i kommunen.