Hopp til innhold

Tilnærma hallelujastemning hos Kleven

Det kom mange lovord og mykje ros frå Petter Stordalen då dei nye eigarane i Kleven besøkte Ulstein. Hurtigruten-sjefen Daniel Skjeldam seier dei tenker langt fram i tid, og trur dei i framtida vil få tilbake pengane sine.

Petter Stordalen hos Kleven i Ulsteinvik

SKRYT: Petter Stordalen hadde mange lovord om Kleven, og spesielt dei tilsette. Han seier engasjementet han ser i dei tilsette er noko av det viktigaste for framtida til selskapet.

Foto: Arne Flatin / NRK

– For oss var det ei fantastisk moglegheit, seier Petter Stordalen.

Han opna allmøtet med å fortelje energisk om vakkert landskap og snødekte fjelltoppar under innflyginga.

Også i fortsetjinga var møtet prega av mykje skryt og god tru på framtida til Kleven.

– Vi hadde jo vurdert ei rekke forskjellige verft for å bygge nye, miljøvennlege cruiseskip, som skal gå inn mot polare farvatn.

– Grunnen til at vi valde Kleven var at dei konkurrerer i verdsklasse, med mykje automatisering.

Når oljeprisfallet kom blei Kleven hardt ramma, og måtte ha inn ekstern kapital for å berge selskapet.

Stordalen seier dei såg det som ei fantastisk spennande moglegheit, men er også klar over at det er ei utfordring.

– Vi har gjort ei vurdering av korleis det ser ut fram over. No er det to skip i vatnet, fire under bygging og vi veit at det er nye kontraktar på veg. Så eg har trua, seier Stordalen.

Ståle Rasmussen, Petter Stordalen og Daniel Skjeldam

OMVISING: Konsernsjef i Kleven Ståle Rasmusen tok godt imot dei nye eigarane i Kleven, Petter Stordalen og sjef for Hurtigruten, Daniel Skjeldam.

Foto: Arne Flatin / NRK

Trur på ei lys framtid

– Etter ein nedtur kjem det store moglegheiter, seier Hurtigruten-sjef, Daniel Skjeldam.

Verftsnæringa i Noreg har vore veldig fokusert på olje og gass. Skjeldam seier nøkkelen ligg i å bruke denne kompetansen til å utvikle produkt for nye segment.

– Vi er overbevist om at det vil bli vekst i marknaden for mindre cruiseskip, og vekst i interessa for å reise til unike område.

– Vi tenker langt fram og trur vi skal få tilbake pengane våre på dette i framtida.

Daniel Skjeldam

LYS FRAMTID: Hurtigruten-sjefen Daniel Skjeldam trur investorane vil få igjen pengane sine i framtida.

Foto: Arne Flatin / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL