NRK Meny
Normal

Tillitsvalde slår innsparingsalarm

Dei tillitsvalde i Helse Møre og Romsdal fryktar at innsparingskrav er i ferd med å øydelegge helsetilbodet i føretaket. Dei omtalar den økonomiske situasjonen som uhaldbar.

Molde sjukehus

Tillitsvalde og verneombod fryktar ei alvorleg negativ utvikling i Helse Møre og Romsdal med det noverande finansieringssystemet.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Denne saka blir oppdatert.

I eit brev åtvarar dei tillitsvalde i føretaket og hovudverneombodet om at utviklinga kan få alvorlege følgjer.

Bernd Müller

Tillitsvald for overlegane, Bernd Müller.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– I utgangspunktet skulle vi spart over fire prosent i året. No skal vi spare litt mindre, men i 2014 står vi framfor eit veritabelt budsjettstup med nye store innsparingar, seier

Bernd Müller, tillitsvald for overlegane ved sjukehuset i Molde.

– Treng nytt finansieringsystem

Saman med tillitsvalde i heile Helse Møre og Romsdal åtvarer Müller om alvorlege konsekvensar av det dei kallar ei økonomisk skeivfordeling i helseregionen.

– Økonomien må styrkast på kort sikt, og kravet er eit heilt nytt finansieringssystem, seier Müller til NRK.

Dei krev at økonomien må styrkast på kort sikt. I kravet ligg også eit heilt nytt finansieringssystem for sjukehusa.

Kamp om helsekronene

Det går no føre seg ein skjerpa kamp om helsekronene. Midt-Noreg står mot resten av landet, og Møre og Romsdal kjempar mot Trøndelag.

Dei tillitsvalde meiner at Helse Midt-Noreg er taparen etter ei mangeårig skeivfordeling mellom dei regionale helseføretaka. I brevet skriv dei at Møre og Romsdal er pålagt langt større krav til omstilling enn St.Olav i Trondheim og Helse Nord-Trøndelag.

Dersom det blir store kutt, må fleire pasientar ut av Helse Møre og Romsdal. Dette fører igjen til nye kutt her hos oss, seier Müller.

Spår nye innsparingar

Helse Møre og Romsdal har fått ei ekstraløyving på 50,6 millionar kroner. Dette reduserer innsparingskravet til 3,2% på kort sikt. Men dei tillitsvalde reknar ikkje med at dette er ei lette som blir ført vidare.

Dette er ei betalingsutsetjing som må takast igjen i 2014, i tillegg til innsparingar som er like store som i 2013, skriv dei i brevet.

Dei tillitsvalde og hovudverneombodet er også urolige når det gjeld framtida for det nye sjukehuset som skal byggast for Nordmøre og Romsdal. Effektiviseringa set ikkje foretaket tilstrekkeleg i stand til å bere dei framtidige kapitalkostnadene i samband med bygginga av det nye sjukehuset, skriv dei.

Det å kunne aksle kapitalkostandene vil krevje ytterlegare innsparingar, skriv dei.

– Store følgjer

I brevet ligg det også ei uro for korleis standarden på bygningane til helseføretaket skal utvikle seg.

Nedskjeringane er uforeinelege med behovet for å ta vare på bygningsmassen som til dels er mangelfullt vedlikehalden over mange år. Vi kan ikkje sjå at det er mogleg å kome utanom eit anna finansieringssystem for investeringar i nye sjukehusbygg, står det i brevet.

– Ikkje fagleg grunngjeve

No fryktar legane og dei hovudtillitsvalde at det skal kome nedskjeringar og endringar som gjev eit dårlegare tilbod ved sjukehusa.

Det er ein reell risiko for at vi kan ende opp med strukturendringar utover det som er fagleg grunngjeve og ønskjeleg. Vi må førebu oss på at endringane blir meir gjennomgripande enn det ein ventar ved dei andre sjukehusa i Helse Midt-Noreg, skriv dei.

Dei tillitsvalde og hovudverneombodet krev at det vert sett ned ei regional arbeidsgruppe som skal greie ut alternative modella for inntektsfordelinga i Helse Midt-Noreg.