Hopp til innhold

Tillitsvalde møtte leiinga

I Gjerdsvika i Sande står 40 arbeidsplassar på spel ved Maritim Food. I dag var toppleiinga på plass for å snakke med dei tillitsvalde. Bakgrunnen for problema er at Maritim Food AS ikkje får forlenga ein avtale med Unil AS om leveranse av fiskemat. Dette får store konsekvenser for drifta. Om ikkje verksemda vert lagt heilt ned vert det uansett truleg nedbemanning gjennom sommaren. Adm.dir Jan Brevik seier til NRK at dei ikkje har gitt opp å få til ei løysing om vidare drift.

Maritim Food, Gjerdsvika
Foto: Arne Flatin / NRK