NRK Meny
Normal

Tillitsvald meiner styrevedtaka er ugyldige

Ralph Herter, tillitsvald for legane ved sjukehuset i Kristiansund, meiner styra i helseføretaka har blitt reinska for folk som kunne stemt for Storbakken i Kristiansund.

Ralph Herter

Tillitsvald for legane, Ralph Herter, trur ikkje vedtaket står seg.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Styra i Helse Møre og Romsdal og Helse Midt-Noreg har gått inn for å bygge det nye fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal på Opdøl i Molde. Fredag skal saka avgjerast av helseminister Bent Høie. Ola H. Strand, som er styreleiar i Helse Midt-Noreg trur begge vedtaka er gjort på lovleg grunnlag, til trass for korrupsjonsskuldingane. Tillitsvald Ralph Herter ved sjukehuset i Kristiansund er ikkje samd.

– Eg trur ikkje at vedtaket vil stå seg. Eg meiner at det som har skjedd er lovstridig i høve føretakslova, seier Herter og viser til påstandane om at Eidsvik skal ha blitt utsett for utpressing. Han meiner også at utskifting av personar i styra i Helse Møre og Romsdal og Helse Midt-Noreg må bli granska.

Storbakken stod sterkast

Eidsvik skal ha førebels konkludert med at Storbakken-alternativet i Kristiansund stod sterkast, men på eit møte 27. november skal direktør Daniel Haga i Helse Midt-Noreg ha sagt at han ikkje ville godta noko anna alternativ enn Opdøl i Molde. Det kom det fram under styremøtet i Helse Møre og Romsdal i går. Helse Midt-Noreg avviser anklagene og kjenner seg ikkje att.

Med 5 mot 4 røyster vedtok styret å gå for bygging av det nye fellessjukehuset i Nordmøre og Romsdal på Opdøl-tomta i Molde. I dag vedtok styret i Helse Midt-Noreg det same.

Bytta ut personar

– Kva hadde skjedd dersom Astrid Eidsvik med si innstilling om Storbakken hadde møtt eit styre med Jon Harry Kvalshaug som styreleiar. Hadde det ikkje vore svært truleg at det hadde blitt eit vedtak for Storbakken? seier Herter.

Kvalshaug vart skifta ut som styreleiar då valkomiteen skulle sette saman nytt styre i april i år. Herter meiner at dersom styret i Helse Møre og Romsdal hadde gått for Kristiansund, ville også styret i Helse Midt-Noreg gjort det same dersom Marthe Styve Holte og Trond Michael Andersen framleis hadde vore der. I oktober trekte Styve Holte seg som styreleiar i Helse Midt-Noreg og administrerande direktør Trond Michael Andresen sa opp stillinga si.

– Eg trur resultatet i tomtespørsmålet har blitt endra på grunn av endringane av personsamansetninga i styra, seier Herter.