Hopp til innhold

Tillitsvald ber regjeringa følgje med

Tillitsvalde i Rolls-Royce-Marine ber regjeringa om å følgje med konsekvensane av det som skjer i selskapet. 1650 personar har fått tilbod om sluttpakke.

Bjørn Kåre Høistad

Tillitsvald Bjørn Kåre Høistad ved Rolls-Royce Marin på Longva i Haram ber regjerings følgje med det som skjer i samband med sluttpakkar i selskapet.

Foto: Rolls-Royce

Bjørn Kåre Høistad

UROA: Bjørn Kåre Høistad er tillitsvald i Rolls-Royce, avdeling Longva.

Foto: Alf-Jørgen H. Tyssing / NRK

– Eg går ut ifrå at myndigheitene har eit vakent auge med det som skjer. Og i den grad dei kan bidra med noko så bør dei absolutt kome på bana, seier Bjørn Kåre Høistad.

Høistad er tillitsvald ved Rolls-Royce Marine si avdeling på Longva i Haram. I 35 år har Høistad jobba som montør. No har alle dei 1650 tilsette i Rolls-Royce Marine i Noreg fått tilbod om sluttpakke.

Annette Bonnevie Wollebæk

Anette Bonnevie Wollebæk. kommunikasjonssjef i Rolls-Royce Marine

Foto: Lena Høyberg / NRK

Talet på tilsette skal kraftig ned. Kommunikasjonsdirektør Anette Bonnevie Wollebæk i Rolls-Royce seier dei enno ikkje kan seie kor mange årsverk selskapet skal kutte.

Alfa og omega

– Ei stor bedrift som Rolls-Royce er alfa og omega for at eit lite lokalsamfunn som Longva skal eksistere. Det som skjer no er alvorleg, seier Høistad.

Bjørn Kåre Høistad

ALFA OG OMEGA: Rolls-Royce er hjørnesteinen for folket på Longa i Haram, seier tillitsvald Bjørn Kåre Høistad

Foto: Magnus Gamlem

Han meiner ei bedrift med respekt for seg sjølv har eit ansvar ovanfor lokalsamfunnet. På det meste jobba det 200 personar ved avdelinga på Longva i Haram. Sidan 2015 har konsernet kutta rundt 500 arbeidsplassar i Noreg, om lag 35 av desse på Longva

– Det er ikkje berre å knipse i fingrane og flytte folk hit eller dit, legg han til.

Dramatisk

Stortingsrepresentant Helge Orten (H) sit i næringskomiteen. Han seier det er dramatisk når samtlege tilsette får tilbod om sluttpakke.

Helge Orten

Helge Orten (H) sit i næringskomiteen på Stortinget.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Både regjeringa og vi i Stortinget følgjer situasjonen nøye, og er opptekne av å leggje forhalda til rette for at næringslivet skal stå best mogleg rusta for å møte den omstillinga delar av norsk næringsliv står ovanfor, seier Orten.

Han seier konsekvensane av det kraftige oljeprisfallet har ramma vestlandet ekstra hardt.

– No handlar det om både kortsiktige og langsiktige tiltak. Det kan vere økt satsing på næringsretta forsking, skattefunn og støtte til innovasjon. I tillegg er det viktig at dei som mistar jobben får best mogleg hjelp til å finne nytt arbeid så raskt som mogleg, seier Orten