Hopp til innhold

Benjamin får trippel løn som sjukepleiar

Kommunane strevar med å tiltrekke seg nok helsearbeidarar. I Aure kommune betalar dei sjukepleiarstudentar for tre gonger så mykje som dei jobbar, i håp om at dei blir.

Benjamin Andersen

Etter å ha tatt mange ulike strøjobbar, fann Benjamin Andersen ut at det var sjukepleiar han ville bli. No har han landa ein lukrativ deltidsjobb mens han utdannar seg.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Eg har lyst på eige hus, eg er drit lei av å betale husleige, seier Benjamin Andersen.

Han har nettopp takka ja til å binde seg i fem år til distriktskommunen Aure. Dei to åra han har igjen på sjukepleiarstudiet vil han pendle dit for ei 20 prosent stilling, men vil likevel få utbetalt 60 prosent løn.

Altså får han betalt for tre dagar kvar dag han jobbar.

– Å tene så godt på relativt lite arbeid, gir meg meir fridom til å fokusere på studia. Eg har også jobba der før og treivst godt, seier studenten.

Aure kommune har no tilsett studentar i to av fire av dei nye rekrutteringsstillingane for sjuke- og vernepleiarstudentar under utdanning. Dei tilbyr også nytilsette sjukepleiarar eit lokalt tillegg som svarar til ti års erfaring.

Sjukepleiarar i Aure kommune

På omsorgsbustadene på Tustna i Aure kan det vere vanskeleg å dekke opp når det oppstår sjukdom. – Vi er ikkje så altfor mange sjukepleiarar på til kvar ein tid, så det er sårbart, seier Tina Haltbakk (t.v.)

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Treng stadig fleire sjukepleiarar

Det er svært utfordrande å rekruttere sjukepleiarar. Det svarar over halvparten av kommunane i KS sin arbeidsgjevarmonitor for 2021.

Trass i at det har blitt langt fleire sjukepleiarar i Noreg, vil vi trenge 45.600 fleire årsverk i helse- og omsorgssektoren om ti år. Det er ein auke på nesten 30 prosent, ifølgje rapporten.

– Presset i pleie- og omsorgstenestene i kommunane vil auke betydeleg og gje store rekrutteringsutfordringar i mange år framover, seier arbeidslivsdirektør i KS, Tor Arne Gangstø.

Hovudårsakene er at kommunane har fått fleire oppgåver som sjukehusa løyste før, samtidig som befolkninga blir eldre.

Benjamin Andersen

Benjamin har to år igjen på sjukepleiarstudiet på Høgskolen i Molde. – Dei fleste vil nok jobbe på sjukehus, sikkert på grunn av prestisje og god erfaring. Men dette var eit så godt tilbod, på ein plass eg trivst, så eg søkte.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Kamp om fagfolk

For politikarane i Aure var det ingen tvil om at dei måtte ta grep for å sikre arbeidskraft. Samtidig som det er eit generasjonsskifte på gang i helse- og omsorgssektoren, slit dei med å få inn nye folk utanfrå.

– Situasjonen er alvorleg for oss, og den eskalerer fordi den gjeld så mange kommunar. Alle er ute etter dei same, seier ordførar Hanne-Berit Brekken.

Ordfører Aure, Hanne-Berit Brekken

Hanne-Berit Brekken (Ap) er ordførar i Aure.

Foto: Silje Haugen Myrseth

Ho peiker også på trenden for at særleg dei yngre vil busette seg i byane. Aure har 3500 innbyggarar og ein stor eldre befolkning. Difor har dei også sett maksalderen for dei nye rekrutteringsstillingane på 30 år.

– Vi vil fort hamne i bakre rekke, så det handlar om å vere kreativ. Med desse stillingane blir dei godt kjent, og vi håpar å gjere eit såpass godt inntrykk at dei blir verande, seier Brekken.

Skryt av initiativet

Norsk sjukepleiarforbund synest det er positivt at dei ansvarlege i kommunane finn eigne løysingar for å trekke til seg kompetanse.

– Vi veit at slike tiltak retta mot studentar er bra. Det får folk til å binde seg over ein periode, og det kan vere nok til at dei vil bli, seier Lill Sverresdatter Larsen.

Leder i sykepleierforbundet Lill Sverresdatter Larsen

Hadde sjukepleiarane hatt betre løn, fulle stillingar, og ein haldbar arbeidsbelastning, ville vi ikkje hatt ein sjukepleiarmangel, meiner Lill Sverresdatter Larsen i Sjukepleiarforbundet.

Foto: Eirik Haukenes

Forbundet ser at ein del kommunar, gjerne i distrikta, tilbyr høgare løn i ulike løysingar. Dei meiner det ikkje berre er nok med rekrutteringsordningar, men at det må gjerast grep for å behalde sjukepleiarane i yrket.

– Lønnsnivået blir oppfatta som altfor lågt i yrket utifrå belastning og sjølvstendige oppgåver. Derfor er det naturleg at kommunane kan sjå på kva dei kan gjere med dette. Høgare løn fungerer, seier Larsen.