Haram kraft har søkt konsesjon for bygging av vindparkar på Haramsfjellet og Flemsfjellet med mellom 22 og 33 vindmøller. Dersom behandlingstida blir normal utan ankar, håper Børge Sylte å starte bygginga neste år.
Ordførar Oddbjørn Vatne er positiv til forslaget.
Har ikkje eigedomsskatt
Haram kommune har ikkje innført eigedomsskatt, så det er difor berre grunneigarane som får økonomisk kompensasjon ved bygginga av vindparkane. Ordførar Oddbjørn Vatne stiller seg positiv til forslaget dersom det blir slik at det blir vindparkar i Haram.
Haram Kraft har som føresetnad for kompensasjonen at han fell bort dersom det blir innført eigedomsskatt eller ein annan offentleg skatt. Konsesjonssøknaden skal ut på høyring, og Sylte håper tilbodet vil ha ein positiv verknad.