NRK Meny
Normal

Tilbyr alle urolege i Sula nokon å snakke med

Skrekkslagne naboar i området der ei kvinne blei forsøkt valdteken i helga, blir no oppsøkt av tilsette frå kommunen. Her kan dei få snakka ut om vonde kjensler.

Nabolag

Det var i dette området valdtektsforsøket i helga skal ha skjedd. No får alle som er urolege, ein samtalepartnar, om dei vil.

Foto: Terje Reite / NRK

Fleire har allereie takka ja til å snakke med nokon frå helseavdelinga i Sula kommune etter dei to sakene den siste tida. Natt til søndag skal ei eldre kvinne ha blitt forsøkt valdteken. Dette skjedde ein månad etter at ei eldre kvinne like ved blei valdteken.

Det bur einslege menneske i mange av bustadene, og då er det viktig at dei har nokon å snakke med for å dele tankane sine om det som har skjedd i det siste, seier ordførar Geir Ove Vegsund.

Dør-til-dør-aksjon held fram

Politi rundspørjing

Politiet gjekk måndag frå dør til dør i nabolaget der ei eldre kvinne skal ha blitt forsøkt valdteken i helga.

Foto: Terje Reite / NRK

Både måndag og tysdag går 30 politifolk frå dør til dør i området der ei eldre kvinne skal ha blitt forsøkt valdteken i helga. Menn i same området er også bedne om å levere frivillig DNA-prøvar, og samstundes har politiet etterlyst private videoopptak frå den aktuelle natta.

Lensmann Kenneth Huse kan så langt ikkje seie kva dei har funne ut etter rundspørjinga måndag.

Trur fleire vil ha behov for å snakke

Geir Ove Vegsund

Sulaordførar Geir Ove Vegund seier det er naturleg at folk blir redde når dei opplever ei valdtekt og eit valdtektsforsøk i same område.

Foto: Arild Pettersen / NRK

Men også kommunen sine folk er hyppig i området. Dei har mellom anna auka vakthaldet på nattetid, og ordførar Geir Ove Vegsund seier kommunen no stiller med nødvendig personell for dei som treng nokon å snakke med.

Hovudsakleg er det sjukepleiarar i heimetenesta som reiser rundt. Vegsund seier det siste valdtektsforsøket var tema blant bebuarane i området i går, og han trur behovet kan bli større i tida framover.

Det er i sakens natur at blir skapt uro når to slike hendingar skjer med så kort tids mellomrom, seier han.

Politiet i møte tysdag

Politiet har tysdag formiddag førebels ikkje ville sagt noko om kva dei så langt har funne ut. Dei har ifølgje informasjonssjef Eli Anne Tverrgrov gått frå møte til møte.

Den tillyste pressebriefen klokka 11.30 er førebels utsett.