Lokala står bort i mot klare, og vil med små endringar kunne verte EU-godkjent, seier Kjell Ivar Farstad i Vindex AS, som eig slakteribygget gjennom eigedomselskapet Nordneset AS.
Det gamle Sandblåst slakteri har framleis gode lokale, gode kjølerom og mykje slakteriutstyr.
Kjell Ivar Farstad i Vindex AS vil ha bøndene med som aksjeeigarar med majoritet i eit nytt slakteri. Foto: Gunnar Sandvik
Bøndene aksjefleirtal
Selskapet inviterer no bøndene til å etablere eit selskap der bøndene vil få akjsemajoriteten med 51 prosent av aksjane. Sjøl vil dei vere med i selskapet med 31 prosent medan tilsette og veterinærar får tilbod om 16 prosent av aksjane.
Toget går
Bøndene har fått frist til 25. november med å svare på om dei takkar ja til tilbodet. Dei skal sjøl innan 20.november svare på ei spørjeundersøking om dei ynskjer eit alternativ til Gilde - denne spørjeundersøkinga blir svært avgjerande for planane om nytt slakteri.
"Det er no toget går" seier Tone Henøen i Fræna Næringsforum som saman med Vindex AS sto bak bondemøtet i Fræna onsdag.