Hopp til innhold

– Ingen teikn til alvorlege fuktproblem ved Emblem skule

Fortvilte foreldre i Ålesund betalte fuktmålingar på skulen av eiga lomme. No skriv kommunen i ei pressemelding at nye prøver viser at det ikkje er teikn til alvorlege fuktproblem.

Synfaring på Emblem skule

SYNFARING: I starten av november var Ålesund kommune saman med Arbeidstilsynet på synfaring ved skulen.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Emblem skule i Ålesund er berre ein av mange skular i landet som har muggsopp og fuktskadar. I lang tid har elevane klaga på hovudpine og diffuse helseplager, utan at kommunen har følgt opp uromeldingane frå skulen.

Til slutt tok FAU saka i eigne hender og betalte for fuktmålingar på fire klasserom. Prøvene viste høge verdiar av muggsopp og to klasserom vart stengt.

Kommunen tok eigne prøver

For eit par veker sidan kom Ålesund kommune på synfaring og det vart tatt fleire prøver. Desse prøvene har kommunen no fått svar på.

Luftanalysane viser lave verdiar og ingen unormal spreiing til innelufta, skriv kommunen i ei pressemelding. Det er heller ikkje teikn til alvorlege fuktproblem andre stader enn i dei romma som tidlegare blei stengt.

Det vart derimot funne muggsopp bak fleire lister i to klasserom og i biblioteket. Det skriv kommunen at dei vil utbetre så snart som mogleg.

Kommunen meiner at det som må til er å fjerne lister samt reingjering.

Det var Mycoteam som tok prøvene for kommunen. Det blei gjort målingar vel 20 stader.