Hopp til innhold

No startar kampen om å bli ordførar i Molde

Høgre har flest stemmer i Molde, men er likevel svekt. MDG og Senterpartiet jublar for stor framgang.

Odd Helge Gangstad

Odd Helge Gangstad i Sp er svært nøgd med valet. Han ynskjer å bli ordførar.

Foto: Roar Strøm / NRK

Det var eit historisk val i Molde, der innbyggjarane i Molde, Midsund og Nesset stemte i den nye samanslåtte kommunen, som får 31 976 innbyggjarar.

Partioppslutning i Molde

26,0 %
4053 stemmer
16,2 %
2516 stemmer
13,5 %
2108 stemmer
12,7 %
1971 stemmer
11,7 %
1827 stemmer
8,6 %
1333 stemmer
4,9 %
762 stemmer
3,3 %
513 stemmer
2,0 %
318 stemmer
0,9 %
139 stemmer
0,2 %
25 stemmer

I gamle Molde kommune har samarbeidet mellom Ap og Høgre sikra fleirtal, saman med Venstre og KrF. No går alle dei fire partia tilbake.

– Det er mange parti som stiller med mange sterke saker. Vi har hatt eit friskt ordskifte også i denne valkampen, seier ordførar Torgeir Dahl (H).

Søk i valresultata

valg-dekorasjon
Valgvake i Molde Høgre

Det var spent stemning på valvaken til Høgre i Molde.

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

Krevjande saker

Høgre har fått flest stemmer i Molde. Etter at alle stemmene i Molde no er talt opp, så ligg Høgre på topp med 26,2 % av stemmene. På andreplass ligg Senterpartiet med 16,3 % av stemmene, og Arbeidarpartiet med 13,6 % prosent.

Torgeir Dahl synest det er spanande og seier at han visste at dei kom til å få nokon utfordringar med fleire av dei konfliktfylte sakene.

– Vi er framleis klart det største partiet, men det er riktig at alle dei partia som har styrt saman går noko tilbake, så det blir nok ein mykje meir krevjande situasjon no å skape eit styringsdyktig fleirtal, seier Dahl.

Jubel for MDG

MDG ligg an til eit kjempeval med 8 % av stemmene. På valvaken var det jubel over dei første resultata.

– Vi har gjort ein bra valkamp i heile landet og fått med oss folk, så det gir utteljing, seier Knut Iversen Foseide, som er førstekandidat for MDG Molde.

Kommunestyret i Molde

Slik fordeles de 59 plassene i kommune­styret mellom partiene:

Grafikk som illustrerer kommunestyrets sammensetning med prikker. Hver prikk representerer en mandat.

Han trur mange i Molde ynskjer ei endring til ei meir miljøvennleg retning.

I Molde er det blant anna strid om den planlagde firefelts innfartsvegen langs Fannestranda som kommunestyret har vedteke og Statens vegvesen planlegg.

Opposisjonspartia (SV, Frp, Sp, Rødt og MDG) meiner kommunestyret må gjere om vedtaket og at Vegvesenet må finne alternative løysingar. Også Romsdalaksen versus Møreaksen har vore eit vanskeleg tema.

Vil overta ordførarklubba

Odd Helge Gangstad

Odd Helge Gangstad i Sp er svært nøgd med valet.

Foto: Roar Strøm / NRK

Senterpartiet er godt nøgd med valet i Molde. Og Helge Gangstad (Sp) har berre eitt ord.

– Fenomenalt, seier Gangstad. Han har knipe seg i handa fleire gongar for å vere sikker på at det er sant. Dei første resultata dei fekk inn var frå indre Nesset, der halvparten av stemmene gjekk til Senterpartiet.

Det er ikkje berre veljerane i Nesset som har trua på Sp. Også i Molde har partiet sanka stemmer.

– Eldreomsorg har slått an og innfartsveg. Dette skal vi stå ved og dei som har stemt på oss, skal få valuta for stemmene sine, seier Gangstad.

Han meiner det er fullt mogleg at makta i Molde blir raudgrøn og no gjenstår forhandlingane.

– Det blir spanande forhandlingar. Eg er klar for å overta ordførarklubba, seier Gangstad. Han vil ikkje binde seg og vil snakke med alle.

Fleire parti er no i gang med forhandlingane.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL