NRK Meny
Normal

Reiser tilbake til Røtene på Rem

Farfar, Bob Dylan og Leonard Cohen er med i tankane når Håvard og Simen Rem speler på Poesifestivalen laurdag.

Far og sønn (hoved)

Lyrikar og forfattar Håvard skal halde konsert saman med sonen Simen. Den er kalla 'Røter i Rem', og har familienamnet frå garden på Rem som utgangspunkt.

Foto: Lena Høyberg / NRK

På laurdag går poesifestivalen i Storfjordord av stabelen på Fredheim i Fjørå i Norddal kommune.

Fokuset er i stor grad retta mot lokale ord, poesi, prosa og røter.

Tilbake til Rem

Lyrikar og forfattar Håvard Rem skal halde konsert saman med sonen Simen. Den er kalla "Røter i Rem", og sirklar rundt bakgrunn, familie og nettopp røter. Farfaren hans, Karl Rem, vaks opp på garden, og far hans vende tilbake og blei pastor i Ålesund etter krigen.

Far og sønn Rem

Det er ikkje berre far og son Rem som tek turen i helga. – Det kjem ein haug med slektningar, av 'Remmar' frå Bergen og Trondheim, seier Håvard.

Foto: Lena Høyberg / NRK

– Eg har ofte tenkt at eg må ta med meg ungane mine tilbake dit vi kjem frå, seier Håvard.

Men det var først då han tok ei øl saman med primus motor for festivalen, Endre Ruset, at tanken blei realitet.

– Vi kom i snakk om slekt, om at Endre er frå Ruset, nabogarden til Rem, der eg altså vaks opp. «Då lagar vi "Røter i Rem" neste år, då», sa han. Så no er vi her.

I forfedrane sitt fotefar

Sonen har høyrt mykje om Rem, men har aldri vore der før no.

– Eg har høyrt mykje historier derifrå, vi har sete og sett på kartet og planlagd turar. Når eg i tillegg får vite at det ikkje berre er første gongen eg skal dit, men at eg og får spille konsert, blei eg veldig glad, seier han.

Les og:

Far og son køyrde opp for ein sniktitt sist onsdag.

– Det er jo veldig morosamt å gå rundt der ein sjølv aldri har vore, men veit at forfedrane har gått rundt, seier Simen.

Farfars dikt

På konserten skal det vere urframføring på eit av dikta til Karl Rem. Simen har sett melodi til. Slik har far og son jobba i tre år no, Håvard skriv tekstane og Simen spelar. Det er stor sjanse for at det ikkje er einaste urframføring på konserten.

– Vi jobbar heile tida med å skrive materiale i lag, så her blir det både ting vi ikkje har spelt før og ting vi har turnert med. Det vil og dukke opp ein Bob Dylan-song, og ein frå Leonard Cohen – på norsk.

– Dylan-songen er litt ukjent, den heiter «Ugliest girl in the world » og har då blitt til «Støggaste jenta på jord.»

Cohen-songen er ein av dei nyare, og heiter passande nok «Going home.»

– For slik er det jo. Heim til Rem, seier dei to.