Hopp til innhold

Tilbake til kvardagen med heimetrening

Frå årsskiftet kan rehabiliterinspasientar i Kristiansund få treninga i heimen. Opplegget kostar mindre enn å ha pasientar på institusjon, seier einingsleiar Elisabeth Sjåvik.

Einingsleiar Elisabeth Sjåvik

Elisabeth Sjåvik seier brukarane skal meistre kvardagen.

Foto: Anne Mari Flatset / NRK

Dette er eit tett samarbeid mellom fysio- og ergoterapeutar og heimetenesta, og målet er at alle som har behov skal få ei tverrfagleg oppfølging i heimen. Einingsleiar Elisabeth Sjåvik seier dei kan legge til rette for kva som er viktig for brukaren.

Ulike behov

Eldre kvinne går tur alene.

Ill.foto: Turgåing er ein del av heimetreninga.

Foto: Scanpix

– For ein kan det vere viktig å jobbe med dei kvardagslege aktivitetane i heimen, for ein annan er trening og behandling i ei gruppe det beste. Dette kan vi gradere alt etter kor samansett problemstillinga er.

No i starten er det jobba tett saman med heimetenesta, der det er lagt konkrete planar veke for veke, med kven som skal gjere kva. Det inneber mellom anna at dei som har fått vedtak om kvardagsrehabilitering får eit oversyn over kven som kjem for kvar dag og skal hjelpe til brukaren med å meistre kvardagen og aktivitetane sine.

Tilbodet går både til personar som har opplevd ei gradvis forverring av funksjon og til dei som har hatt eit brått og større funksjonstap.

Med status som heimetrenar

Fallskader blant eldre

Ill.foto: Brukaren skal meistre kvardagen.

Foto: Merethe Åsegård / NRK

Dei som no blir hjelparar blir kalla heimetrenarar, og er fagfolk som hjelpepleiarar som flyttar litt fokus. Etter litt opplæring av fysio- og ergoterapeutar og sjukepleiarar til å utøve oppgåvene på ein litt annan måte. Fokuset er kva som er viktig for brukaren, nemleg å trene meir i den aktuelle aktiviteten.

Per no er det seks heimetrenarar i Kristiansund.

– Vi skal bli fleire, kanskje opp i 15 personar, seier Sjåvik.

Ho fortel at dette er folk som er flinke til å trene saman med brukaren, og ikkje minst som bryr seg. Eit prosjekt som er gjennomført viser at brukarane er veldig fornøgde og meistrar oppgåvene sine igjen, blir sjølvstendige og trygge i bustaden sin igjen.

Lønsam ordning

Denne tette og tverrfaglege oppfølginga i minst seks veker har vist seg å vere lønsam, fortel einingsleiaren.

Eldre kvinne

Ill.foto: Rehabiliteringa skal foregå i heimen.

Foto: Frank May / NTB scanpix

– Det kostar mindre totalt i tre månader enn berre å tilby heimeteneste.

Ann Mari Skjølseth jobbar i heimesjukepleia og er helsefagarbeidar, og er ei av dei som no har blitt heimetrenar. Ho har registrert at brukarane dei har hatt til no har vore veldig fornøgde og resultata har vore gode.

– Ulike øvelsar som til dømes å gå rundt omkring bygget, gå tur, vere med til byen og liknande skal motivere brukaren til å stole på seg sjølv og bli trygge. Vi ser gode resultat og brukarane gir klart uttrykk for at dei ønskjer å vere med.