Tilbake som fylkespolitikar

Per Ivar Lied frå Senterpartiet gjer comeback i fylkestinget, 22 år etter at han slutta som fylkespolitikar. Han blei første gong valt inn i fylkestinget i 1991. Lied jobba i utanrikstenesta, mellom anna som diplomat i mange år, men er no påtenkt som leiar i utdanningsutvalet. Lied seier det blir krevande på grunn av den økonomiske situasjonen i fylkeskommunen.

Per Ivar Lied
Foto: Trond Vestre / NRK