Hopp til innhold

Tilbake i Molde

I førre veke vart Ørjan Håskjold Nyland klar for FC Ingolstadt 04. Onsdag var han på Molde-trening for å ta farvel med gamle lagkameratar.

Ørjan Håskjold Nyland

GOD TRU: Ørjan Håskjold Nyland har god tru på keeperduoen som skal erstatte han i Molde.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Det er ein gjeng som betyr veldig mykje for meg, eg har jo vore saman med dei kvar dag nesten heile året. Dei har ein plass i hjartet mitt, så det er litt trist, men det er slik det er i fotballen. Ein må berre sørge for å få det godt der ein drar og, seier Nyland.

Ifølge nettsida Transfermarkt skal overgangssummen som sende Nyland til Tyskland og FC Ingolstadt 04 vere på rundt 22 millionar kroner. Nyland fortel at han trur han gjorde det rette då han forlét Molde til fordel for Ingolstadt.

– Det har vore bra så langt, det er kjekke folk og ein fin klubb. Eg er overbevist om at eg har gjort det rette valet. Klubben har ein fin storleik og eg trur det er gode sjansar for speletid.

Heldt nullen

Ørjan Nyland tek farvel med Molde

RETT VAL: Ørjan Håskjold Nyland trur han tok det rette valet då han forlét Molde til fordel for tyske FC Ingolstadt 04.

Foto: Remi Sagen / NRK

Nyland fortel at det var mange ulike ting som til saman førte til at han hamna i Ingolstadt.

– Eg snakka med trenarane og det er planen dei har for meg, typen klubb og sjanse for speletid. Det er mange faktorar som ligg til grunn for valet.

Laurdag debuterte Nyland for sin nye klubb i ein treningskamp mot Wacker Burghausen. Ingolstadt vann kampen 3–1 og Nyland fekk spele dei 70 første minutta. Nyland fortel at det var kjekt å komme i gang.

– Det var kjekt å spele med nye lagkameratar og komme litt i gang. Eg heldt nullen så lenge eg spelte og fekk vist meg litt fram.

God tru på erstattarane

Etter at Nyland forsvann til Ingolstadt har Molde att dei to unge keeperane Andreas Linde og Ethan Horvath. I tillegg har dei for tida Fransk-senegalesiske Mory Diaw på prøvespel. Nyland fortel at han har god tru på Linde og Horvath.

– Dei har trent hardt og godt i lenger tid, og dei er to unge, gode keeperar. Så eg er ikkje uroa for dei som arvtakarar. Begge har gode ferdigheiter som Molde vil få bruk for framover og det blir kjekt å følge dei vidare. Eg er overbevist om at Molde ikkje må ut på keeperjakt, pr. dags dato.

Les også: PSG-keeper på prøvespel i Molde

Håpar på medalje

Etter runde femten av Tippeligaen ligg Molde på ein fjerdeplass åtte poeng bak Rosenborg. Nyland fortel at det hadde vore kjekt å få ein gullmedalje i posten til hausten.

– No vann jo Molde i helga, medan Rosenborg tapte. Det er opent, men Molde må sjølvsagt gjere ein god jobb i haustsesongen for å ta gullet. Eg veit at dei er gode nok til det, og så får dei ha litt flaks og medgang framover, så summerer vi opp til slutt.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL