NRK Meny
Normal

Tilbake i jobb etter å ha blitt forsøkt tent på

Leiaren ved Ålesund Mottakssenter fortel om hendinga der kontoret hans og han sjølv blei forsøkt sett fyr på av ein asylsøkjar.

Olav Hoff

Olav Hoff er glad for at han slepp å uroe seg i jula.

Måndag denne veke blei Olav Hoff offer for ei hending han seint vil gløyme. Hoff er leiar ved Ålesund Mottakssenter, og fekk kontoret sitt forsøkt påtent. Hendinga kunne òg hendt med at leiaren sjølv enda i flammar.

Olav Hoff

Olav Hoff fekk brennbar veske oppetter handa si og kunne stått i flammar om den russiske asylsøkjaren hadde lukkast med å tenne på.

Foto: Ole-Ottar Høgstavoll / NRK

Ein frustrert, russisk asylsøkjar hadde utstyrt seg med ei brennbar væske då han dukka opp på kontoret til Hoff.

– Eg var på veg bort, så han trefte pulten og oppetter armen mi då. Så tømde han resten på golvet, forklarer Hoff, medan han viser oss inne på sitt eige kontor.

Asylsøkjaren forsøkte å tenne på væska, men blei overmanna av dei andre tilsette ved mottaket i Ålesund.

– Det var ei dramatisk episode, sa Hoff til NRK måndag .

Meir ville han ikkje seie før politiet hadde etterforska saka ferdig. Onsdag blei det bestemt at asylsøkjaren skulle varetektsfengslast i fire veker .

Asylsøkjaren har sagt at dei dårlege forholda ved mottaket var grunnen til forsøket på brannstifting. Varetektsfengslinga har delvis bakgrunn i at asylsøkjaren sjølv har sagt at han ville gjere det igjen.

Olav Hoff

Olav Hoff var nær med å bli påtent av ein asylsøkjar måndag.

Foto: Ole-Ottar Høgstavoll / NRK

– Skal sjå nærare på det han hevdar

Mottaksleiar Hoff har reflektert mykje over motivet til gjerningsmannen. Gjennom advokaten sin har han fortalt om elendige buforhold og om behandlinga han fekk ved mottakssenteret.

– Når det gjeld det han hevdar så skal vi sjå nærare på det. Eg kjenner meg ikkje igjen i det, men vi skal sjå nærare på det, slår Hoff fast.

Han har uansett svært lita forståing for det brutale brannforsøket.

– Heilt konkret å tru at nokon skulle gjere noko sånt ... Der var eg ikkje, seier ein framleis litt skaka mottaksleiar.

Pusterom i jula

Den russiske asylsøkjaren er sikta for grov lekamsskading og skadeverk, og sit no i varetekt.

– Det er ei veldig lette, fortel Hoff til NRK.

At mannen ikkje går fri i jula er mottaksleiaren svært glad for.

– Det gjev litt pusterom og gjer at vi kan vere trygge i jula. Og eg føreset seinare at han i alle fall ikkje skal tilbake til vårt mottak, avsluttar han.

En russisk asylsøker prøvde å sette fyr på Olav Hoff.