NRK Meny
Normal

Til sjukehus med helikopter

To barn og ein vaksen er sende til sjukehus med helikopter etter trafikkkulykke i Ulstein.

Laster kart, vennligst vent...

Ein seksåring, ein niåring og ein vaksen er flogen vekk frå trafikkulykka på Eiksundbrua i Ulstein laurdag ettermiddag. Ingen av dei sat fastklemde, og fleire fekk hjelp av ambulansepersonell på staden.

Politiet melde om ulykka rundt klokka 13.30, då to bilar skal ha kollidert med fem personar involvert.

Omlag 45 minutt seinare kom meldinga om at tre av dei involverte er sende til sjukehus med helikopter.

– Det er ikkje meldt om nokon alvorleg skade, men det skjer kanskje for å vere på den sikre side, seier operasjonsleiar Per Åge Ferstad ved Møre og Romsdal politidstrikt.

Eiksundbrua var stengd ei kort stund i samband med trafikkuhellet.