NRK Meny
Normal

Til sjukehus i luftambulanse

Alle naudetatane har rykt ut.

MC-ulykke Halsa

Politi og naudetatar har rykt ut til ei motorsykkelulykke i Halsa.

Foto: Kåre Hendset

Det har vore ei motorsykkelulykke på E39 i Halsa.

Ein motorsyklist køyrde av vegen ved Utsikten i Valsøyfjord. Mannen i 60-åra er frå Sør-Trøndelag. Han er frakta til sjukehus med luftambulanse.

Fleire køyrde saman

Politiet fekk melding om ulykka klokka 13.41.

– Det var fleire motorsyklistar som køyrde saman, seier Jan Helge Kjøl i politiet til NRK Møre og Romsdal.

Sikrar spor

Politiet arbeider på staden med å sikre spor.

– Det er for tidleg å seie kor alvorleg skadd motorsyklisten er, seier Jan Helge Kjøl i politiet til NRK.