Til sjukehus for sjekk etter ulykke

To personar blei køyrd til sjukehuset i Molde for kontroll etter at bilen dei sat i køyrde av vegen og rulla rundt ved Vorpeneset på fylkesveg 660 i Nesset. Ulykka skjedde seint i går kveld. Dei to i bilen hevda at dei var uskadd etter ulykka. Det opplyser politiet. Vegen var stengt i ei periode etter ulykka og politiet gjorde undersøkingar på staden.