Normal

Mann i 60-åra til sjukehus etter vald

Ein mann i 60-åra blei sendt til sjukehus etter at han blei utsett for vald i Kristiansund laurdag kveld.

Politibil, UP

Illustrasjon: Ein mann i 60-åra måtte til sjukehus etter å ha blitt slått og sparka laurdag kveld.

Foto: Politiet

Det var i 19.30-tida laurdag kveld at politiet melde om ei valdsepisode i Hauggata i Kristiansund.

– Ein mann i 60-åra blei slått og sparka av ein annan mann, seier Magnus Sæther i politiet for Nordmøre og Romsdal.

Både politi og ambulanse rykte ut til staden og mannen blei frakta til sjukehus for behandling. Det er ukjent kor alvorleg skadd mannen er.

Sett i arresten

Like etter blei ein mann i slutten av 30-åra arrestert av politiet.

– Han måtte overnatte i arresten og det har blitt opprette ei sak på forholdet. Han blei avhøyrt i dagtidleg og blir truleg frigjort snart, seier Sæther.

Også den skadde 60-åringen skal avhøyrast etter kvart.

Saka blir etterforska av politiet.