NRK Meny
Normal

Lettare skadd etter ulukke

Ein mann i 20-åra blei frakta til Ålesund sjukehus etter ei trafikkulukke ved Leikong i Herøy.

Trafikkulukke Herøy

Ein mann i 20-åra blei frakta til Ålesund sjukehus med ryggsmerter etter ei trafikkulukke onsdag kveld.

Foto: SARA LOVISE ROALDSETH / NRK

Det var like før klokka 20.40 onsdag kveld at politiet melde om ei trafikkulukke i Leikongbakkane på fv. 61 i Herøy. Alle naudetatane rykte raskt ut til staden.

Trafikkulukke Herøy

Alle naudetatane rykte ut til staden.

Foto: SARA LOVISE ROALDSETH / NRK

Det skal berre ha vore ein bil involvert i ulukka.

– Det ser ut som om bilen har vore på veg ned Leikongeidet og gått utanfor vegen. Bilen har følgt grøfta og venstre hjulpar har hamna opp på autovernet.

Etter det har den truleg sklidd på autovernet i 30 meter før bilen køyrde inn i ein grushaug på eit jordet, seier innsatsleiar på staden Frode Halse Digernes til NRK.

Bilførar skal så ha greidd å ta seg ut av bilen på eigen hand, før bilen rulla vidare og inn i eit fjøs.

Frakta til Ålesund

Trafikkulukke Herøy

Alle naudetatane rykte ut til staden.

Foto: SARA LOVISE ROALDSETH / NRK

Like etter klokka 21.00 blei mannen i 20-åra frakta med ambulansehelikopter til Ålesund sjukehus for behandling.

– Skadeomfang er så langt ukjent. Det einaste vi veit er at han klaga på smerter i ryggen, seier Halse Digernes.

Like før klokka 23.00 opplyser Helse Møre og Romsdal at mannen er lettare skadd, og at tilstanden hans er stabil.

Det er så langt ukjent kva som er årsaka til ulukka.