NRK Meny
Normal

Til sjukehus etter slåsting

Ein hamna på sjukehuset. Ein i arresten.

Politi

Politiet måtte ta seg av to menn som hadde ein heftig slåstkamp i Volda natt til laurdag. (Illustrasjonsbilde).

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

To rusa menn gjekk laus på kvarandre i Volda natt til laurdag.

Dei slo kvarandre med gjenstandar. Dette førte mellom anna til kutt i hovudet for den eine av mennene.

Operasjonsleiaren i politiet på Sunnmøre opplyser at den eine mannen måtte sendast til sjukehuset. Han er innlagd der.

Den andre mannen måtte i arresten.