Hopp til innhold

Til Oslo for å aksjonere

Mellom 70 og 80 bønder og tillitsvalde frå landbruksorganisasjonane i Møre og Romsdal dreg til Oslo i dag for å aksjonere framfor Stortinget.

Jordbruk aksjonar

Her er ein stor delegasjon frå Bondelaget og Småbrukarlaget i Møre og Romsdal samla på Årø i Molde. Dei er på veg til Oslo for å ta del i bondeaksjonane.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Reiser du med morgonflya til Oslo frå Ørsta/Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund er sjansen stor for at du har reisefølgje med bønder i aksjonshumør. Det er brot i jordbruksforhandlingane, og no reiser bøndene til Oslo for å markere seg.

 organisasjonssjef i Møre og Romsdal bondelag, Arnar Lyche

Arnar Lyche i Møre og Romsdal bondelag.

Foto: Marie Myklebostad

– Dette viser tungt engasjement for å bli med på det som no skjer i Oslo. Dette er viktig for heile næringa, seier organisasjonssekretær Arnar Lyche i Bondelaget.

Brot i forhandlingane

Den 16. mai blei det brot i jordbruksforhandlingane. Staten hevda at tilbodet ville gje bøndene eit løft i inntektene, samstundes som også landbruket måtte vise moderasjon i lønsutviklinga. Bondelaget braut forhandlingane og hevda at avtalen ville svekke norsk matproduksjon, og at avtalen ikkje ville medverke til å dekkje inntektsgapet mellom bøndene og andre yrkesgrupper i samfunnet.

Etter brotet har bøndene arrangert aksjonar ei rekkje stader. Blant anna blei utkøyringa av matvarer stansa ved fleire varelager i Noreg. Aksjonane med blokadar blei imidlertid stansa etter kort tid. Måndag gjekk også LO ut med støtte til bondeaksjonane.

Skodde i Molde

I morgontimane onsdag sette imidlertid skodda i Molde ein brems på utfarta. I 9-tida låg det an til at 9.25-flyet kom til å bli om lag éin time forseinka. Bøndene var likevel klar til kamp mot landbruksministeren.

– Det er klart at vi er. Vi ønskjer å forklare kva vi meiner at Stortinget har sagt. Det ser ut til at landbruksministeren har gløymt kva Stortinget har vedteke. Inntektsgapet mellom landbruket og dei andre næringane skal tettast, seier fylkesleiar i Møre og Romsdal bonde- og småbrukarlag, Stein Brubæk.

– Greitt med aksjonar

Landbruksminister Jon Georg Dale er sterkt usamd med bøndene i sak, men seier det er heilt greitt at dei aksjonerer.

– Dei må få aksjonere alt dei vil. Og eg tykkjer det er synd at vi ikkje kom fram til nokon avtale i år. Vi har lagt fram ein avtale som har ei betre ramme enn det bondeorganisasjonane signerte både i 2015 og 2016. Vi meinte det var eit godt utgangspunkt, og er overraska over at reaksjonane er så sterke, seier landbruksminister Jon Georg Dale til NRK.

– Prioriterer dette høgt

Jordbruksforhandlingane går føre seg midt i den kanskje travlaste tida for mange bønder, nemleg om våren.

Dette er ei travel tid for bøndene. Så dei som reiser prioriterer desse aksjonane svært sterkt, seier Lyche.

– Men vil bøndene aksjonere heilt fram til behandlinga i Stortinget?

– Det som skjer i dag er den siste store markeringa. Det som skjer i dag er krona på verket, seier Lyche.

Stortinget startar behandlinga av jordbruksoppgjeret i dag. Onsdag skal det vere ei open høyring om temaet. Proposisjonen som er sendt over frå Regjeringa til Stortinget er basert på det opphavlege tilbodet frå Staten.