Hopp til innhold

Til kamp mot fartskulturen

Lensmannen i Ulstein meiner haldningsendring må til.

Råkjøring

HØG FART: Politiet veit når og kvar farta er høgast, men har ikkje resursar til å halde kontrollar. Illustrasjonsfoto.

Foto: NRK

- Vi kan ikkje akseptere at hastigheita er så høg at den drep, seier lensmann Odd Kulø.

- Å starte heime med forebygging er særs viktig, seier han.

Gode rollemodellar

- Det er ikkje hjelp i å snakke om haldningar om foreldre sjølv køyrer i 150 kilometer i timen med borna i baksetet, seier lensmannen som meiner gode haldningar må inn i ung alder.

Fartskultur

Kristoffer Sivertsen Bøe frå Hareid meiner mange i hans ungdomsmiljø har feil haldning til fart og køyrer for fort.

- Om folk vil køyre fort får dei gjer det, men det er dumt når dei utsett andre for ulykker. Eg tek ikkje sjansen, det er ikkje verdt det, seier han til NRK.

Veit når og kvar

Politiet har informasjon om kvar og når det køyrast fort. Slike opplysnignar får dei frå Vegvesenet, som mellom anna innhentar tal frå fartsmålarar.

- Hadde vi hatt muligheit til å vere tilstades på det tidspunktet og den staden ville nok det hatt stor effekt, seier Kulø.