NRK Meny
Normal

Til kamp mot barnefattigdom

Sju kommunar i Møre og Romsdal tek i år imot ein sum på totalt ein og ein halv million kroner frå NAV til arbeidet mot barnefattigdom.

Fosterhjem - illustrasjon

AUKE I BARNEFATTIGDOMEN: Tal viser at barnefattigdomen i Noreg aukar. Norske kommunar får difor meir i stønad frå arbeids- og velferdsdirektoratet for å bidra til førebygginga av barnefattigdomen.

Foto: Illustrasjonsfoto

– Mange av tiltaka handlar om å opprette eit utstyrslager, slik at barn kan låne ski og anna sportsutstyr når dei treng det. Andre tiltak er meir retta mot overordna samhandlingstiltak i kommunane, seier Marit Hovde Syltebø, assisterande direktør for helse og sosialavdelinga ved fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Totalt 118 norske kommunar og bydelar har i år fått 45 millionar kroner frå NAV til kjempe av barnefattigdom. Midla blir lyst ut av arbeids- og velferdsdirektoratet, noko som er om lag ei dobling frå i fjor.

Minke forskjellar

Tiltaka skal bidra til å jamne ut forskjellane mellom barn.

– Det sentrale er at barna skal få best mogleg oppvekst og like vilkår. Når ei familie har låg inntekt, kan dei lett få problem med å delta i samfunnet på lik linje med alle andre. Då er det viktig å kunne legge til rette for desse barna slik at dei får eit like godt utgangspunkt som alle andre, seier Syltebø.

Marit Hovde Syltebø

STØNAD: Ifølgje Marit Hovde Syltebø kan stønaden bidra til fleire positive tiltak for å førebygge barnefattigdom i dei ulike kommunane.

Foto: Privat

– Bakgrunnen for stønaden er at talet på fattige born i befolkninga har auka jamt sidan 2000-talet. Difor ynskjer ein at kommunane skal sette i gong tiltak for å førebygge utviklinga, og unngå ein negativ spiral, hed ho fram.

Det gjer ein blant anna gjennom å sørgje for at barn i laginntektsfamiliar kan delta i fritidsaktivitetar, på lik linje med andre barn.

Kommunane kan sjølv sende inn søknader, via fylkeskommunen, for å få stønad til eigne prosjekt.

– Det viktigaste er at prosjekta er forankra i kommunen og at ein får til eit godt samarbeid mellom dei ulike instansane i kommunen, seier Syltebø.

Starthjelp til kommunane

Syltebø anbefaler fleire kommunar å søkje tilskot, men vektlegger at ordninga i hovudsak skal vere ei starthjelp for kommunane, og bidra til meir permanente tiltak.

–Det skal hjelpe kommunane å tenke nytt, og gje dei midlar til å sette i gong ulike prosjekt. Kommunane kan berre ta imot stønaden i tre år, så det er viktig at ein får implementer varige ordningar som sikrar barna, seier Syltebø.

Og sjølv om pengane er ei god støtte for kommunane, meiner Syltebø at det er andre faktorar som også spelar inn.

– Desse prosjekta er viktige, men det er mykje anna viktig arbeid som går føre seg i kommunane. Blant anna er den jobben NAV-kontora gjer for å sjå barna, og fremje rettane deira veldig viktig. Ein må jobbe målretta for at ordningane skal bli ein del av alt eksisterande tiltak for at det skal fungere, seier Syltebø.

Kultur og idrett

Sunndal er ein av dei sju kommunane som i år tek imot stønad frå arbeids- og velferdsdirektoratet. Stig Nergård, avdelingsleiar for NAV Sunndal, seier dei hovudsakleg har rettar stønaden mot tilbod innanfor kultur og idrett.

– Halvparten går til det vi kallar kulturkort. Det inneber fri tilgang til kino, kulturtiltak i kulturhuset og ein svømmehall. I tillegg støttar vi turar til kultur- sport og fritidsarrangement som for eksempel Norway Cup, for dei som treng det, seier Nergård.

I tillegg har dei levert diverse utstyrspakkar til dei ulike skulane slik at alle skal kunne delta på skulearrangement.

– Og så har vi sjølvsagt brukt noko av stønaden på å hjelpe enkeltpersonar eller barn som treng det, seier Nergård.

Dei har tydeleg merka betydninga til hjelpetiltaka.

– Det er utruleg viktig for barn og unge å kunne delta på dei same aktivitetane som andre jamaldrande, seier Nergård.

Tiltak i den vidaregåande skulen

Herøy er ein av dei andre kommunane som også får stønad. Dei har valt å knytte midlane opp i mot eit prosjekt i den vidaregåande skulen. Berit Lyngstad, NAV leiar i Herøy, seier stønaden er eit viktig element i det arbeidet dei gjer.

– Det er tronge tider i fleire kommunar, og vi forventar ikkje at det blir betre. Det er avgjerande for utviklingsarbeidet at vi får denne ekstra ressursen, seier Lyngstad.

Dei har valt å bruke stønaden på elevar i den vidaregåande skulen.

– Vidaregåande er ei sårbar tid for mange der dei blir nøydd til å ta meir ansvar og viktige val. I tillegg viser forsking at dei elevane som ikkje fullfører vidaregåande skule ofte hamnar bakarst i køen når det gjeld å få seg arbeid seinare i livet. Difor er det viktig å hjelpe elevane med dei problema dei har, seier Lyngstad.

Dei har etablert to miljøterapeut stillingar knytt til den vidaregåande skulen. Ho trur det er positivt for ungdomane å knytte band til vakse på dette tidspunktet i livet.

– Miljøterapeutane utgjer ein del av ressursteamet på skulane, og kan bruke tida si direkte på skulen ved å vere fysisk til stade. I tillegg kan dei følgje opp enkeltindivid som har behov for det, både heime og på skulen, seier Lyngstad.