Hopp til innhold

Til hausten får du fleire parti å velje mellom

Den 31.mars er det siste frist for politiske parti til å levere sine listeforslag. Her i fylket blir det både nye parti og nye listetoppar å ta stilling til.

Valgurne stemmerett

Til hausten får du fleire nye lister du kan legge i valurnene.

Foto: HÅKON MOSVOLD LARSEN / NTB

Bjørn Christian Rødal er 1.kandidaten for Alliansen Norge, Anita Robertsen Steen er fylkesleiar for Lliberalistene og Geir Nordli er fylkesleiar i Helsepartiet.

Felles for desse partia er at dei er stifta etter førre Stortingsval i 2013 og at dei har fått lokallag her i fylket. Ikkje minst at dei innan fristen i slutten av denne månaden har fått levert inn sine listeforslag til godkjenning.

Nye parti og kanskje nye saker?

– Ingen andre har energi til å ta opp saker som desentralisering og ansvarleggjering av politikarar og dei som sit med makta, seier Rødal i Alliansen.

– Eg trur på retten til fridom for enkeltindividet, og dessutan er Liberalistene opptatt av eldreomsorg og narkotikapolitikk, seier Robertsen Steen.

Geir Nordli

Geir Nordi er fylkesleiar i Helsepartiet, eit av dei nye partia etter valet i 2013.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

– Fire gode sjukehus i Møre og Romsdal, eldrepolitikk, barnevern og pyskisk helse er stikkord for Helsepartiet, seier Geir Nordli.

Nordmørslista stiller og liste til det komande Stortingsvalet, men har i motsetning til dei før nemnde partia, allereie røynsle frå kommune- og fylkespolitikken.

– Vanskeleg å slå igjennom

– Det er ikkje nokon tendens til at vi får fleire slike nye lister mellom kvart val, seier Anders Todal Jenssen.

Han er valforskar og professor i statsvitskap ved NTNU.

– Men vi har ved kvart Stortingsval ein del forsøk på å etablere nye lister, eller at meir eller mindre sovande lister blir vekte til live.

Pensjonistforbundet er ikkje noko nytt parti i så måte, men har i alle fall planar om å stille liste til valet i haust. Pariet har nominasjonsmøte om knappe to veker.

Valforskaren anslår at tre til fem «nye» lister blir presenterte før kvart val. Talet på lister stig gjerne etter kor stort fylket er.

– Historisk sett er det vanskeleg for nye parti å slå igjennom. Dei må ha store ressursar for å drive valkamp, og dei må ha fleire personar som er villige til å gjere ein voldsom innsats, dei må ha eit visst program og så vidare, seier Todal Jenssen.

Han peiker på at i sum er det mange ting som må stemme for at ei ny liste skal slå igjennom på eit slikt nivå at det blir mandat av det.

– Kan ikkje avskrive

Professor Anders Todal Jenssen ved NTNU

Ifølgje valforskar Anders Todal Jenssen skal det mykje til for nye parti å slå igjennom, men avskrive dei vil han ikkje.

Foto: Lars Erik Skjærseth/NRK

– Slike parti eller lister har ein tendens til å ramle saman nokså snart etter valet, dersom dei ikkje lykkast med å få inn ein representant på Stortinget, seier valforskaren.

Medan nokre røyster på det same partiet val etter val, er andre meir utru, og byttar parti frå val til val. Og for nokre representerer nye parti eit friskt pust.

– Ein kan ikkje avskrive dei nye partia, for av og til får dei eit gjennombrot. Men sjølv om det til manges overrasking skjer no og då, så er sjansane deira til å lykkast beskjeden, meiner Todal Jenssen.

Har trua

Men det er det altså veljarane som avgjer om eit halvt års tid. Fram til då skal kampen om nettopp veljarane vere i fokus, både hos dei etablerte og hos dei nye partia.

Stortingssalen

Ein plass i Storingssalen er målet både for nye og etablerte parti.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Dei som er representerte på Stortinget i dag, får med jamne mellomrom signal om korleis dei ligg an, gjennom meiningsmålingar. Dei nye startar på null, men har både trua, optimismen og engasjementet.

– Det går rette vegen, vi veks kvar dag, seier Rødal i Alliansen Norge.

– Vi får nye og fleire medlemmar heile tida, så no ser det bra ut. Men det er sjølvsagt litt uvisse, sidan vi er nye, vedgår Robertsen Steen i Liberalistene.

– Korleis det går er opp til oss sjølve og kor mykje vi spring. Men eg trur eit Helseparti blir tatt godt i mot. Får vi brorparten av dei som arbeider i Helse- og omsorg til å røyste på oss så kjem vi til å gjere eit kjempegodt val, trur fylkesleiar Nordli.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL