Til belgisk toppfotballklubb

Fotballspelar Bent Sørmo er seld til den belgiske toppfotballklubben Zulte Waregem. Det skriv klubben på nettsidene sine, ifølge NTB. Sørmo har spelt for Kristiansund Ballklubb sidan 2018. Men no har 24-åringen fått ei treårskontrakt med den belgiske klubben.

Kristiansunds Bent Sørmo jubler etter 1-0 målet under eliteseriekampen på Kristiansund stadion i Kristiansund.
Foto: Ned Alley / Ned Alley